NYHET HØSTEN 2021: RESILIENS OG STRESSMESTRING SEMINAR - NÅ ÅPEN FOR PÅMELDING
OM OSS KONTAKT BLOGG Dette skjer i BERGEN Dette skjer i STAVANGER Ålreite Samtaler Login

Når livet spør, kva svarar du? Og korleis svarar du?

Uncategorized May 16, 2021

Noko av det verste som kan hende eit menneske ein stad der krig og svolt berre er eit fjernt rykte eller ei forteljing frå ei faren tid, er kanskje å stå att utan meining. Exit-kjensla av at livet er tomt, alle opne vegar fører til ingen stad.

Eit av mine sterkaste minne frå ungdomen er bildet av min morfar som står og ser ned i ein svart avgrunn, ned på den kvite kista bestemor er lagt i. På høgre side støttar han seg til ein stav, på venstre side heng han i grepet til mor då han seier: De treng ikkje kaste grava igjen. Eg kjem straks etter.

Dette minnet vibrerte i resonans då eg for eit par veker sidan las utdrag av eit intervju med den franske skodespelaren Alain Delon i Paris Match der han seier noko slikt som:

«Eg vil forlate denne verda utan å sanse henne.

Livet har ikkje meir å gi meg, eg har sett alt, opplevd alt. Men det viktigaste er at eg hatar den tida vi lever i. Ho gjer meg kvalm.

Alt er feil, alt det gode er bytta ut. Ingen har respekt for eit ord lenger. Berre pengar og formue tel.

Eg veit at eg vil gå ut or verda, utan at det gjer meg noko.»

Begge desse døma har sitt utgangspunkt i det tomme rommet som oppstod då meining fall bort, meining som låg i relasjonen, kjærleiken, det å høyre til.

DET TOMME ROMMET

Men eit tomt rom set ting i rørsle, eit tomt rom blir til mangelen i eit kybernetisk system; med mindre det har heilt tette skott, vil det trenge inn element frå utsida: sorg, sakn, hat.

Det hender at eg møter menneske som på eit punkt i livet har stått i eit vegkryss utan tydelege skilt og tatt feil val, feil val av karriere, feil val av partner, og som etter det var undervegs mot destinasjon innhaldsløyse. Kanskje har dei brukt feil hjelpemiddel til å finne og halde retninga, stolt på hovudet som kompass og ikkje tatt signala frå hjarte og magekjensle. Eller motsett. Kanskje tok dei sine val ut frå ansvarskjensle, plikt, eller kanskje kjende dei eit press utanfrå, frå foreldre/familie, frå miljøet rundt, frå nett det som då gav tilhøyrsle.

Når eg som coach møter menneske som tematiserer dette, er det tomme rommet gjerne fylt av noko bittert, og målet er å gå ut av det og stenge døra frå utsida for igjen å gå på leit etter det som gir meining og glede (lukke).

FØRSTE SVAR: EG TAR UTFORDRINGA

Her startar kanskje eit nytt eventyr, ut i det uvisse, ut i det blå – dersom ein vågar å ta steget over terskelen. Då kan det vere bra å utvikle og ha med seg tre klassiske eigenskapar: styrke i form av mot, uthald, klårleik; mjukskap i form av empati med seg sjølv og andre, kjærleik, miskunn; humor i form av kreativitet, leik og ei lett, nyfiken haldning: det er ikkje så farleg, det skal bli spanande å sjå kva som kjem ut av det.

 

ANDRE SVAR: SINNSROBØNA. EG ELSKAR LAGNADEN MIN, OG EG SKAL GJERE NOKO NYTT

Tidlegare val kan ikkje gjerast om, alt kan kanskje ikkje endrast. Dører har kanskje gått att som aldri meir vil kunne opnast. Men som det heiter i The Circle Game: There’ll be new dreams, maybe  better dreams and plenty.

Det kan altså vere på sin plass å starte med å gjere opp kassen, t.d. med denne bøna som tidlegare hang på veggen i kurslokalet vårt i Bergen: «Gud, gi meg sinnsro til å akseptere de ting jeg ikke kan forandre, mot til å forandre de ting jeg kan, og forstand til å se forskjellen.»

Utrustninga er viktig når eg skal ut på tur. Kva skal eg ta med meg? Kva kan eg ta med meg av det eg vil bort frå?

Mykje av arbeidet i coaching dreier seg om å samle inn og gjere tilgjengeleg ressursar. For å lukkast med å bryte eit mønster løner det seg å starte frå ein så ressurssterk posisjon som råd. Korleis kan eg oppgradere dei erfaringane eg tidlegare har gjort? Korleis kan det eg opplever som problem, last, smerte, veikskap osv. transformerast til ressursar og projiserast inn i framtida?

Dette er ei viktig oppgåve. Når den lukkast, aukar vona om suksess proporsjonalt.

 

TREDJE SVAR: DET ER EG SOM SKAPAR MI MEINING

 

Eg siterte indirekte filosofikeisaren Marcus Aurelius lenger oppe. Ein av hans påstandar var at vi er det vi tenker. Men samstundes oppfordra han oss til å gjere godt, ikkje berre å tenke på gode handlingar. Eg trur at han såg på fornufta som det eigentleg menneskelege, som vårt ansvar.

Viktor Frankl, om eg har skjøna han rett, finn det spesifikt menneskelege i evna til å stoppe opp og ikkje reagere på impuls. Livet er ikkje ein Hollywood-film eller ein koreografert happening med makt til å manipulere oss til å le, gråte, bli sinte, frykte oss, osv. Vi har alle høve til å seie nei, vent en hal, her vil eg sjølv ha eit ord med i laget. Vi kan velje våre reaksjonar, våre kjensler, våre tankar og våre handlingar.

Dette er vår fridom og vårt ansvar. Vi er ansvarlege for våre val, og vi er i stand til å gjere andre og nye val.

Ifølge Frankl oppstår meining når vi lever ut våre verdiar, og våre verdiar kan delast inn i tre hovedgrupper:

Våre haldningar: Kven skal eg vere, kva skal eg stå for, korleis skal eg takle ulike situasjonar? Korleis skal eg stå i det som er vondt?

Våre opplevingar: Korleis kan eg vere til stade i verda og livet? Kva skal eg ha fokus på? Korleis skal eg bruke sansane mine og få mest mogeleg rikdom ut av alle inntrykka som strøymer inn over meg?

Vår kreativitet: Korleis kan eg utfalde meg og setje mitt merke? Kva kan eg skape? Kva kan eg bidra med? Korleis kan eg bygge relasjonar og fellesskap?

 

VEGKRYSSA

Livet er fullt av vegkryss, og fullt av dårleg og misvisande skilting. Det er fort gjort å gå feil.

Livet er fullt av mønster. Ikkje før er du kvitt eitt, så sit du midt inne i eit nytt.

Derfor er læring og sjølvutvikling noko som ikkje har byrjing og slutt, det er i kontinuerlig øving.

Og heilt til slutt vil eg derfor parafrasere ein annan i mitt personlege reisefølge, Walter Benjamin:

«Dersom du vil lære livet å kjenne, må du gå deg vill i det.»

God tur!

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.